04.09.2026
− Det er ein stor dag
Det var ein stor dag for mange Stårheimarar då Stårheim kraftverk vart erklært offisielt opna onsdag.
Journalist
Olin Maria Yri
− Det er ein stor dag. Vi har fått til noko i lag. Vi har fått med oss dyktige folk som har bygd det opp, vi har løyst alle problema, seier Ole Martin Rafshol.
Han var ein av grunneigarane som var på plass ved Stårheim kraftverk onsdag ettermiddag. Denne dagen var det nemleg klart for den offisielle opninga av kraftverket i Stårheimsdalen.
På plass var godt over 50 stykk, både grunneigarar på Stårheim som hadde tatt på seg finstasen for anledninga, leverandørar og entreprenørar.

Rafshol har vore kontaktperson for dei rundt 29 grunneigarane på Stårheim som har fallrettar knytt til Stårheimselva – og totalt 39 rettshavarar.
Han sjølv har vore svært delaktig i prosessen med kraftverket gjennom mange år – heilt sidan rundt 2012 då han tok over for Ottar Starheim som gjekk bort.
− Kjenner du litt på stoltheitsfølelse i dag?
− Ja. Det er ei letting å legge det bak seg. Det å reise rundt i bygda for å få 39 underskrifter heile tida, vanskelege problemstillingar som gjer at det er forståeleg at folk vil tenke seg om. Det har gått. Eg høyrer dei klappar og ikkje buar, seier ein godt fornøgd Rafshol.

Historisk
Mange år har gått sidan Ottar Starheim lanserte ideen om kraftverk på Stårheim i 2007 og til det no står klart. For fleire av grunneigarane i bygda var det rett og slett ein historisk dag denne onsdagen.
− Det er historisk, om det er. Det var tilbake i 2007 at mitt søskenbarn Ottar Starheim hadde ideen. Han og Dag skulle vore her i dag. Ottar var primus motor og grunnen til at vi står her i dag, fortel Anne-Britt Starheim, som er blant dei som bur nærast kraftverket.

Trass i at ideen kom i 2007, tok det mange år før det heile skulle bli realisert.
Det fysiske arbeidet med kraftverket starta opp hausten 2024, i vår vart det sett i drift og onsdag var det altså klart for den offisielle opninga.
I løpet av dei siste åra er det mange som har vore involvert i arbeidet med Stårheim kraftverk.
Utbyggjar er Tinfos Entreprenør med prosjektleiar Mats Odden, byggjeleiar er Truls Oppedal frå Sunnfjord entreprenør AS, Olav Hjelmeset AS er hovudentreprenør, Førde-firmaet HBV Betong har hatt betong- og tømrararbeidet og HM Energi har levert det elektromekaniske utstyret.

Fleire av desse var til stades under opninga. Mellom anna Tinfos stilte med åtte personar i Stårheimsdalen.
− Vi er veldig fornøgde med resultatet. Det er mange gode samarbeidspartnarar på prosjektet, seier Mats Odden, prosjektleiar, som legg til at drifta sidan mars har gått slik dei forventa.
− Det har gått veldig bra sidan mars. Drifta har gått som forventa.

Fekk opne
Ordførar i Stad Judith Kvåle var også på plass i offisielt oppdrag.
− Det er ein stor dag. Det er veldig kjekt når ein ser at eit heilt bygdesamfunn har kome i lag og skapt noko som gir vekst og arbeidsplassar. Det er ein stor dag for heile bygda, seier ordførar Kvåle, som tykte det var ekstra stas å få vere med på opninga på Stårheim.
− Eg har gledd meg til dette ganske lenge. Dette tykkjer eg er veldig stas, det å få ha eit offisielt oppdrag på Stårheim, seier Kvåle.

Hele artikkelen kan leses på nettsidene til Fjordabladet her.