Jordalen
Elva som er tenkt bygt ut er hovudelva i Jordalen. Elva renn frå øvst i Jordalen og ned til
Nærøydalen. Nedbørsfeltet er er på 87,8 km2 og ligg nordvest for Nærøydalen. Området
grensar til Nærøyfjorden landskapsvernområdet og stasjonsbygningen vil ligge ca. 500
meter nord for grensa til verneområdet
Kraftverket vil vere eit reint elvekraftverk der effekt og kraftproduksjon vil varierer i takt
med vassføring i elva. Vassdraget har dominerande vår- og haustflom. Lågvassperiodane
inntreff som oftast i vintersesongen.
Midlare kraftproduksjon for kraftverket er kalkulert til ca. 13 GWh.