Botnaelva ligg i Dyrkolbotn i Lindås kommune. Utbyggjar er Nipo Kraft AS som leiger fallrettane hjå grunneigar. Ein av grunneigarane er busett på eigedomen. Terrenget i nedre del av berørt område er bratt og er ikkje nytta som friluftsområde. Elva har utløp frå Botnavatnet på kote 350 og renn vidare nedover Romarheimsdalen og ender ut i Osterfjorden. Inntaksdammen vil liggja nedsprengt i terrenget og vil være tildekket av stadlig vegetasjon. Røyrgata vil bli nedgraven på austsida av elva, og vil hovudsakleg ligge langs kommunal veg. Stasjonen vil liggja like nedanfor nåverande E39, men vil liggje avsides til når nye E39 tas i bruk. Stasjonen vil bli utforma slik at den fell best mogeleg inn i terrenget og står i stil med andre bygg i området.
Med eit fall på 132 meter, vil ein installere ein Peltonturbin med installert effekt på 2,8 MW, noko som vil gje ein årsproduksjon på om lag 10,8 GWh. Det er planlagt slepp av minstevassføring på 100 l/s, noko over alminneleg lågvassføring.



